www.osteroy.kommune.no
Open in
urlscan Pro
137.221.25.219
Public Scan
Submitted URL: http://osteroy-kulturskule.no/
Effective URL: https://www.osteroy.kommune.no/innhald/natur-kultur-ferie-og-fritid/kulturskulen/
Submission: On March 11 via api from US — Scanned from NO
Effective URL: https://www.osteroy.kommune.no/innhald/natur-kultur-ferie-og-fritid/kulturskulen/
Submission: On March 11 via api from US — Scanned from NO
Form analysis
2 forms found in the DOMGET /sokeside
<form action="/sokeside" method="get" class="search__form">
<div class="main-search__wrapper">
<input type="text" class="main-search__search-input" name="q" title="Søk" placeholder="Søk">
<!-- <button
Søk på heile innbyggjarportalen
class="main-search__search-submit"
type="submit"
></button> -->
</div>
</form>
GET /sokeside
<form action="/sokeside" method="get" class="search-mobile__form">
<div class="main-search-mobile__wrapper">
<input type="text" class="main-search-mobile__search-input" name="q" title="Søk" placeholder="Søk">
<button id="search-menu" aria-label="Søk" class="header__topnav__menu header__topnav__menu--search main-search-mobile__submit">
<span class="material-symbols-outlined search__icon" style="font-size: 28px;" aria-hidden="true"> search </span>
</button>
</div>
</form>
Text Content
OSTERØY KOMMUNE Kontakt oss Ledige stillingar account_circle Min side search Søk menu Meny search VÅRE TENESTER Kontakt oss Ledige stillinger Min side BARNEHAGE Søkje eller endre plass, barnehagane våre, pris, barnehageruta, tilpassa tilbod. SKULE OG UTDANNING Skuleruta, SFO, skulane våre, vaksenopplæring, spesialundervisning. HELSE, OMSORG OG SOSIAL Helsehjelp, eldreomsorg, heimetenester, NAV sosial, nedsett funksjonsevne, rus, psykisk helse PLAN, BYGG OG EIGEDOM Byggjesak, kart, eigedomsinformasjon, planar, kontakt. VEG, VATN, AVLAUP OG BOSS Melde feil, brøyting, utsleppsløyve, gjenvinning, kommunale avgifter. NATUR, KULTUR, FERIE OG FRITID Kulturskulen, bibliotek, museum, jakt og fiske, lag og organisasjonar BRANNTRYGGLEIK, ELDSTAD OG FEIING Tryggleik og førebygging, bål- og bråtebrenning, tilsyn og feiing. SKATT, NÆRING OG LANDBRUK Skatteoppkrevjing, løyve, etablering, jordbruk, jakt og fiske, reiseliv POLITIKK OG HØYRINGAR Møteplan, budsjett, slik kan du påverke, kommuneTV, kontaktinformasjon KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2023 Røysting, kven kan røyste, manntal, for partia, valkort, listeframlegg. Spør Kari HeimNatur, kultur, ferie og fritidKulturskulen KULTURSKULEN Vil du vera elev i kulturskulen skuleåret 2022/23? Søknadsfristen er 01. juni, men påmeldinga er open heile året og ein får plass dersom det er ledige plassar. Klikk på fana til venstre: "Slik søkjer du" og følg oppskrifta. Elever som søkjer kjem på venteliste og får svar på søknad rundt 1. juli INNHALD PÅ SIDA * Kontakt oss * Våre tilbod * Slik søkjer du * Kva kostar det? * Skulerute for kulturskulen * Reglement Vil du vera elev i kulturskulen skuleåret 2022/23? Søknadsfristen er 01. juni, men påmeldinga er open heile året og ein får plass dersom det er ledige plassar. Klikk på fana til venstre: "Slik søkjer du" og følg oppskrifta. Elever som søkjer kjem på venteliste og får svar på søknad rundt 1. juli KONTAKT OSS REKTOR: KRISTOFFER KLEIVELAND * E-post: kristoffer.kleiveland@osteroy.kommune.no * Mobil: 917 02 011 Lærarar på kulturskulen Bandinstrument og media Steinar Vatle E-post: steinar.vatle@osteroy.kommune.no Telefon: 950 76 362 Piano Synnøve Jordalen E-post: synnove.jordalen@osteroy.kommune.no Telefon: 952 24 528 Piano og song Ole Rasmus Hjelle E-post: ole.rasmus.hjelle@osteroy.kommune.no Tlf: 909 63 681 Gitar Henning Neu Hoshovde E-post: henning.neu.hoshovde@osteroy.kommune.no Tlf: 954 04 156 Toradar Kristoffer Kleiveland E-post: kristoffer.kleiveland@osteroy.kommune.no Telefon: 917 02 011 Slagverk Torstein Åvar Sollien (permisjon skuleåret 2022/2023) E-post: torstein.avar.sollien@osteroy.kommune.no Telefon: 986 26 930 Valerian Leutkawäger E-post: valerian.leutkawager@osteroy.kommune.no Tlf: 992 99 485 Messingblås og korps Birthe Carlsen E-post: birthe.carlsen@osteroy.kommune.no Tlf: 920 66 930 Hardingfele Maria Skjeldrum Toppe E-post: maria.skjeldrum.toppe@osteroy.kommune.no Telefon: 916 37 213 Dans - Ballett, hip hop, jazz og talentgruppe Guro Arnetvedt Tvedt E-post: guro.tvedt@osteroy.kommune.no Telefon: 902 66 434 Visuell kunst Karianne Harstad E-post: karianne.harstad@osteroy.kommune.no Telefon: 997 92 030 Teaterkor Sebastian Haugland E-post: sebastian.haugland@osteroy.kommune.no Telefon: 936 49 315 Media/studio: Gabriel Vatle E-post: gabivatle@gmail.com Tlf: 468 78 036 Besøks- og postadresse Besøksadresse: Osterøy kulturskule Rambergsvegen 219,221 5282 Lonevåg Sjå kart. Postadresse: Osterøy kulturskule Geitaryggen 8 5282 Lonevåg BESØK PÅ FACEBOOK Er du ikkje medlem, kan du sjå innlegg frå kulturskulen her. VÅRE TILBOD Media - Film, foto og grafisk design Dersom du har interesse for film, foto eller grafisk design kan det vera lurt å melda seg på vår mediagruppe. I vår mediagruppe får du arbeida med programvare frå Adobe Creative suite, der vi bruker Photoshop, Illustrator, InDesign og Premiere Pro. Fotografering og bildebehandling er eit eventyr i Photoshop, og berre fantasien set grenser for kva som kan lagast der. Mediagruppa får også arbeida med design av plakatar til kulturskulen sine konsertar og arrangement. Mediagruppa vil og kunne vli engasjert i samarbeidsprosjekt med kunst og teaterfag. Stad: Mediagruppa held til i kulturskulen sine lokaler på Hatland, der vi har lyd- og bildestudio elevane kan boltra seg i. Tid: Mediagruppa har undervisning på ettermiddagstid. Undervisningstida kan variera i forhold til storleiken på gruppa. Dans Vi kan tilby ein variert dansemeny for deg som ikkje har ro i kroppen. Vår allsidige og dyktige dansepedagog Guro Arnetvedt Tvedt tilbyr dansekurs i hip hop, jazzdans, ballett og talentgruppe. Dansestudio ligg i vårt bygg på Hatland og var nytt hausten 2016. Hip Hop Hip hop er ein urban dansestil i stadig utvikling. Stilen har sitt utspring frå hip hop-kulturen som blomstra på 70-talet i New York, kor det var vanleg å dansa ute i gatene. Det er mange stilartar innanfor hip hop. Jazz Jazz er ein dansestil som bygger på grunnteknikk frå klassisk ballett. I motsetning til ballett beveger ein seg ofte raskare i jazz og har eit lågt tyngdepunkt. Ein dansar oftast til popmusikk og låtar frå kjende musikalar. Eit kjenneteikn på jazz er fokus på dynamikk, det vil seie å ta i bruk alt frå rolege til eksplosive bevegelsar i dansen. Ein jazzklasse består av oppvarming av heile kroppen med fokus på grunnteknikk, styrke og bevegelegheit. Etter oppvarming går ein ofte diagonalt over rommet og gjer ulike steg og bevegelser. På slutten lærer du ein koreografi. Vi legg vekt på å utvikle ei god kroppshaldning, lære grunnteknikk gjennom ulike øvelsar, koordinasjon, styrke og fleksibilitet, rytmeforståelse, meistringsfølelse og ikke minst danseglede. Klassisk ballett Klassisk ballett er ein dansestil som dei fleste kjenner til. Typisk for klassisk ballett er god disiplin og nøyaktigheit. Det vert lagt vekt på god kroppshaldning med rett rygg, strake kne og høge bein. Andre stikkord er: piruettar, bein og armposisjonar etter fast mønster, flytande og grasiøse bevegelsar og eksplosive hopp og sprang. Ein ballettklasse inneheld til vanleg eit fastsett mønster av fleire korte øvingar, der du gradvis varmar opp og styrker kroppen slik at du mot slutten av timen vert i stand til å gjera piruetter, hopp og koreografi. Gjennom ballettundervisninga vil du: * læra deg grunnteknikk og namn og uttrykk på posisjonar * læra korleis du beveger deg til klassisk musikk * læra korleis du får ei god kroppshaldning * utvikle styrke og fleksibilitet. Utstyr Det er viktig å ha bevegelege klede for å kunne bevege seg maksimalt. Gjerne romslege joggebukser, overdeler og joggesko for å unngå å skli, samt belastning på ben. For ballettelevar kan det vera greitt med kvit strømpebuske, ballettdrakt og ballettsko. Kven passar det for Vi har tilbod til alle aldersklassar frå 1.klasse t.o.m vidaregåande. Dansepedagogen vil leggja opp klassen i forhold til dine føresetnader slik at du opplever meistring, får god arbeidshaldning og danseglede. På tilbod med stor påmelding, vert det fleire grupper delt inn etter nivå og alder. Opptreden og samarbeid Dansegruppene deltar på ulike oppsetningar som bl.a Vårspel, skulekonsertar og andre oppdrag. Dette skuleåret er mange av dansarane på mellomtrinnet med på Teaterkoret sin musikaloppsetning Alice i Draumeland Tid og stad Timane varer i 60 min. (tida kan variera litt etter tal på elevar i gruppa). Ein må rekne med helgeøvingar i samband med større prosjekt. Då vert undervisningsåret korta inn tilsvarande. Undervisninga går føre seg i kulturskulens dansestudio på Hatland. Teaterkor 4.-7. klasse Namnet inneber at du får bli med på ei musikaloppsetning i løpet av året. Teaterkoret samarbeider tett med faga dans og visuell kunst. Vi har hatt dette tilbodet sidan skuleåret 2012/13 og sett opp ein musikal kvart år. På dette faget får ein verkeleg sceneerfaring. Samarbeid Teaterkoret er ikkje åleine om oppsetningane. Elevar frå media, visuell kunst og dans vert og på ein eller annan måte involvert i prosjektet. Dei føresette er òg ein viktig ressurs når det gjeld å skaffa kostyme og rekvisittar, og ikkje minst for å skapa ei sosial ramme rundt øvingshelg og framføringar. Andre aktivitetar Teaterkoret vil òg få oppdrag i samband med andre arrangement i kulturskulen. Mellom anna har dei vore programleiaiar på Vårspel (kulturskulen sin hovudkonsert) Tid og stad Teaterkoret har sine øvingar i kulturskulen sine lokale. I samband med innspurt til musikalen, vil det kunne bli endringar på planen. Du må rekna med minst ei øvingshelg. Intensive periodar vert kompensert med avspassering på slutten av året. Visuell kunst Lyst til å utforske det kreative og kunstneriske? I visuell kunst er skaparglede og utforskartrong nøkkelord. Vi arbeider både to og tredimensjonalt. Det du kan sjå på, og det du kan kjenne på. I faget visuell kunst får du utforska forskjellige utrykksformer i teikning, maling, leire, tekstil, skulptur/installasjon inne og ute. Vår lærar i Visuell kunst, Karianne Harstad har mange idear og legg vekt på at du gjennom å arbeida med ulike materiale, oppdagar ting undervegs og undrar deg over ulike former og uttrykk. Gleda ved å skapa er vel så viktig som resultatet. Kva gjer vi? Vi jobbar med stor variasjon av materialer. Blyantar, kull og kritt i skissebøker og på ark i diverse storleikar. I tillegg målar me med akryl og akvarell. Me lærer å kjenna fargane, eigenskapene deira og jobbar mykje med å blenda dei. Å skapa med hendene gjennom materialar som leire, gips, betong, lær og andre tekstiler er og ein del av faget vårt. Elevane sine eigne ønskjer vil og vera med å bestemma materialval og arbeidsmåtar. Gjennom året arbeider me både med individuelle, felles og prosjekt -oppgåver. Eit eksempel på prosjektoppgave er den årlege musikalen. Her arbeider visuell kunst med kostyme, scenografi og sminke. Dette arbeidet gir ein brei erfaring der ein jobbar i lag med andre kunstformer. I det individuelle arbeidet er det rom for eleven til å kunne fordjupa seg i eige arbeid. Med utgangspunkt i tradisjonelle handverk, utforskar me nye mulegheitar. Kunsthistorie vert fletta inn undervegs der det er naturleg. Utstillingar og prosjekt Kulturskulen arrangerer kunstutstillingar, og er med på felles prosjekt med dei andre faggruppene i kulturskulen. Tid og stad Visuell kunst held til i kulturskulen sine lokale i Lonevåg. Song Stemma har du alltid med deg, og noko av det kjekkaste du kan bruka ho til er å forme ord og tonar. I kulturskulen kan du få vidareutvikla songtalentet ditt med vegledning frå erfarne lærarar. Du får læra om pusteteknikk, klang, uttale, musikkteori og ikkje minst formidling. Formidling Songaren står gjerne i første rekkje og er den som skal bera fram bodskapen i musikken. Derfor er det viktig å få øvd deg til å opptre framfor eit publikum. Kulturskulen har fleire arenaer der du kan få slik erfaring. I tillegg til våre eigne konsertar, får me ofte spørsmål om å stilla med songarar til ulike arrangement i og utanfor Ostrerøy. Kor og vokalensemble Me legg og opp til at du skal få erfaring med fleirstemt song. Det kan vera vokalgrupper av ulik storleik eller korprosjekt i samband med større arrangement. Når du syng i lag med andre, får du øvd opp gehøret og vert betre til å syngja reint. Alle elevar i ungdomsskulealder og oppover får tilbod om å vera med i kulturskulen sitt ungdomskor i samband med vår årlege hovudkonsert - "Vårspel". Når kan eg byrja? Tilbodet er for born frå første klasse, men me har erfaring for at eleven med fordel kan vera litt eldre for å få godt utbyte av individuell songundervisning. 3. eller 4. klasse kan vera eit greitt utgangspunkt. Det er ein stor fordel å ha spelt eit instrument først slik at du kjem litt inn i noteverda . Piano er då eit godt utgangspunkt. For 1. og 2. klassingar tilbyr me og Smartstart, som er eit allsidig gruppebasert begynnertilbod. Frå 3. klasse kan du melda deg inn i teaterkoret dersom du og har ein liten skodespelar i magen. Les om desse tilboda under eigne faner. Tid og stad Songundervisning vert gitt i kulturskulen sine lokale og på Valestrand skule, etter skuletid. Gitar Gitaren er eit instrument svært mange har eit forhold til, og fleire vil læra seg å spela. Instrumentet er forholdsvis lett å frakta med seg, og kan brukast i svært mange samanhengar. Har du lært deg nokre gitargrep kan du fort verta midtpunktet i gjengen dersom det byr seg ein anledning til litt allsong, enten det er rundt leirbålet på ein telttur eller du har konsert for medelevar på skulen. Mange typar gitar Det finst mange forskjellige typar gitar: klassisk gitar, akustusk gitar med stålstrengar eller nylonstrengar, halvakustisk gitar og elektrisk gitar. Felles for dei aller fleste er at gitaren har seks strengar, sjølv om det finst både sju- og tolvstrengarar. Det er også forskjellige storleikar å få tak i. For dei minste gitaristane er det ofte best å spela på ein juniorgitar, som er noko mindre enn ein vanleg gitar. I starten kan det også vera lurt å ha ein gitar med nylonstrengar, for å unngå såre fingertuppar. Når kan du byrja å spela gitar? Du kan sjølvsagt byrja når du vil, men det passar best frå 3. klasse og oppover. Gitaren krev litt styrke i fingrane, og det kan ofte vera vanskeleg for dei aller minste. Tid og stad Gitarundervisning vert gitt i kulturskulen sine lokale etter skuletid. Piano Piano er eit populært instrument i kulturskulen. Instrumentet nyttast i mange samanhenger, som soloinstrument eller i som ein del av eit større ensemble. Pianistar er populære. Det er alltid trong for tonefølgje til bryllup, konfirmasjonar eller juletrefestar. I kulturskulen kan du få systematisk og kyndig opplæring på instrumentet. Våre lærarar har erfaring frå mange stilartar frå klassisk til meir "fri" spelestil basert på besifring (akkordar) Me legg uansett vekt på at du får grunnleggande opplæring både når det gjeld teknikk og notekunnskap. Mange fordelar Sett bort frå at eit piano er tungt å bera på, er det mange gode grunnar til å velja piano som instrument i kulturskulen. * Du får lett god lyd * Du lærer deg lett å forstå notar og akkordar * Du kan spela komp til songar * Du kan vera ditt eige orkester med melodi, bass og akkordar * Egner seg godt for nybyrjaropplæring i musikk, uavhengig av kva du seinare vil velja Piano med eller utan straum Piano er eit kostbart instrument. Mange vel derfor å skaffa seg digitalt piano. Dei er rimelege og held etterkvart god kvalitet dersom ein styrer unna dei aller rimelegaste alternativa. Satsar du på å utvikla deg til klassisk pianist vil du før eller seinare ha størst utbyte av eit akkustisk piano. Mange har keyboard heime. Eit keyboard har fleire lydar og fleire automatiske innretningar som autokomp. (Lagar komp i ulike stilartar medan du sjølv speler melodien) Eit keyboard har noko lettare anslag og færre tangentar. Som nybyrjar får du same grunnopplæring uavhengig av kva for instrument du har heime, men våre lærarar vil og hjelpa deg til å utforska instrumentet ditt, slik at du får størst mulig glede av det. Tid og stad Pianoundervisning vert gitt i Kulturskulen sine lokale og på Valestrand skule, etter skuletid. Bassgitar Bassgitaristen har ein heilt sentral plass i bandet. Det er når bassen kjem inn, det byrjar å låte skikkeleg bra. Bassen skaper bunn i klangbildet og du driv rytmen framover. Alle dei andre i bandet er avhengig av at bassisten gjer jobben. Gitar og bassgitar Det er store likskapar mellom gitar og bassgitar. Ein bassgitar er eigentleg ein stor gitar, men ein brukar dei 4 grovaste strengane. For ein gitarist kan det vera nyttig å spela litt bass i blant fordi det hjelper til med å få eit godt oversyn over kor notane ligg på gripebrettet. Når kan du byrja å spela elbass? På grunn av storleiken passar ikkje elbassen for dei minste, ein må ha litt styrke i fingrane for å få god lyd. 5. klasse kan vera eit greitt utgangspunkt. Må du ha bassgitar sjølv? Det er gjerne meir vanleg å ha tilgang til ein gitar i heimen, enn ein bassgitar. I starten let det seg fint gjera å øva inn stykkene på ein vanleg gitar. Men når du finn ut at dette er noko du vil satse på, bør du skaffa deg ein elbass slik at du får øvd opp styrken i fingrane og blir van med avstandane på gripebrettet. Du vert ettertrakta Bassgitaren er ikkje eit utprega soloinstrument. Difor legg me i kulturskulen opp til at du i periodar får prøva deg i ulike samspelsituasjonar. Når nokon skal spela i lag, er dei alltid på utkikk etter ein bassist. Slagverk Slagverkaren tilfører musikken energi og driv. Har du mykje rytme i kroppen, kan dette vera noko for deg. Armar og bein Som ny på trommestolen vil du fort merka at armar og bein ikkje alltid vil lystre kommandoen frå hjernen. Med vårt undervisningsopplegg får du systematisk øvd opp kontrollen av armar og bein slik at røslene dine etter kvart vert omgjort til fengande rytmar. Musikalske byggjesteinar Trommeundervisninga egner seg godt til å gje eleven grunnleggjande forståing av ord og uttrykk i musikken. Du lærer om taktartar, noteverdiar og periodar. Ved a læra deg slagverkkunsten, har du og eit godt grunnlag for å gi deg i kast med andre instrument seinare. Melodisk slagverk Vibrafon, klokkelspel, xylofon og marimba vert og rekna som slagverkinstrumnet. Torstein Sollien har dette som spesialområdet og kan tilby god undervisning på desse instrumenta i tillegg til det tradisjonelle trommesettet. Du vert ettertrakta Slagverket er ikkje eit utprega soloinstrument. Difor legg me i kulturskulen opp til at du i periodar får prøva deg i ulike samspelsituasjonar. Når nokon skal laga band, er dei alltid på utkikk etter ein trommis. Hardingfele På Osterøy er det eit rikt folkemusikkmiljø gjennom verksemda til Osterøy spel-og dansarlag. Osterøy kulturskule har i mange år gitt tilbod om undervisning i hardingfelespel. Mange av utøvarane er no blitt dugandes spelemenn og er klare til å læra opp nye generasjoner med spelemenn. Har du lyst å trylla fram ein frisk halling eller ein slått det er fint å lytta til? Du er velkommen i kulturskulen. Osterøy spel -og dansarlag Begynner du på hardingfele, vert du og invitert med på kjekke aktivitetar i regi av Osterøy spel- og dansarlag. Laget har mange engasjerte leiarar som ønskjer å skapa gode møteplassar med born og folkemusikk i sentrum. Tid og stad Undervisninga går føre seg etter skuletid på Valestrand skule. Elles etter avtale med lærar. Toradar Krsitoffer Kleiveland står klar til å ta imot deg om du ønskjer å bli ein god toradarspelar. Du får individuell undervisning, og du får grundig opplæring i riktig speleteknikk. Sjølv om undervisninga er individuell, får du prøva deg i smågrupper i samband med konsertar og liknande. OsterøyBelgen er eit lag du kan melde deg inn i for å delta i eit sosialt og triveleg toradarfelleskap. OsterøyBelgen er for unge musikarar og består av forskjellige toradergrupper alt etter kva nivå ein har nådd (ca 10 stk i ei gruppe). Desse ulike gruppene reiser ein del rundt på speleoppdrag, festivalar og konkurransar. Spelar du toradar i kulturskulen og samtidig er med i Osterøybelgen, får du eit godt grunnlag for å bli ein komplett uttøver på toradaraen. Me speler varierte melodiar, alt ifra swing og rumba til ulike barnemelodier, vals, polka og lignande. Det er mulig å leige seg toradar viss du ikkje har dette. Tid og stad Undervisninga går føre seg på kulturskulen etter skuletid. Trekkspel/akkordeon Instrumentet kan nyttast i mange samanhenger, som soloinstrument eller som ein del av eit større ensemble. I kulturskulen kan du få systematisk og kyndig opplæring på instrumentet. Vår lærar har erfaring frå fleire stilartar frå klassisk til folkemusikk, og til ein meir "fri" spelestil basert på besifring (akkordar). Me legg uansett vekt på at du får grunnleggande opplæring både når det gjeld teknikk og notekunnskap. Tid og stad Undervisningtida går føre seg i kulturskulen sine lokale etter skuletid. Utlån instrument Kulturskulen har eit par instrument til utlån for nybyrjarar. Blåseinstrument og aspirant Hordaland er Norges korpsfylke. Her er stor bredde, samstundes som fylket er representert med korps i verdsklasse. Osterøy kulturskule ønskjer å vera ein aktiv samarbeidspartnar i arbeidet med å utvikla korpsmiljøet i kommunen. Me tilbyr individuell undervisning på messinginstrument, og perkusjon. Me har for tida ikkje tilbod på treblås (saxofon, klarinett, tverrfløyte) Men dersom etterspurnaden er stor, vil me òg prøva å få til eit tilbod på desse instrumenta. Osterøy skulebrass Dersom du vil spele eit blåseintrument(messing) bør du melde deg inn i skulekorpset. På Osterøy har vi Osterøy skulebrass (tidl. Haus og Lonevåg skulemusikklag) Som ny musikant melder du deg på faget korpsaspirant. Dette tilbodet er gratis, ein betalar berre ein mindre medlemskontingent til Osterøy skulebrass. Som korpsmedlem blir du ein del av eit inspirerande musikalsk fellesskap og eit godt sosialt miljø. Kulturskulen leverer instruktørteneste til korpset og tilbyr som nemnd individuell undervisning for dei som ønskjer det. Vil du vita meir kan du kontakta kulturskulen eller korpset direkte. Aspirantansvarleg Osterøy Skulebrass Gunn Lohne, 97479053 Kristin Ruud Myking, 99010087 Liv R. Johnsen, 99153925. Leiar Osterøy Skulebrass, Lene Revheim, 99773714 SMARTstart Kva slags musikar bur i deg? SMARTSTART er eit variert grunnopplæringstilbod i musikk for deg som skal begynna i kulturskulen for første gong. Du får prøvd deg på song, stavspel, piano, ukulele, gitar og rytmeinstrument. Du vil også bli kjent med notar og musikkuttrykk slik at du er godt førebudd når du seinare vil begynna på eit instrument. Tilbodet vert gjeven i gruppe på kulturskulen i Lonevåg. Målgruppe: Førskuleborn - t.o.m. 2. klassingar. Tid og stad Undervisning vert gitt i kulturskulen sine lokale og på Valestrand skule etter skuletid. Låtskriving i studio Mange sit gjerne for seg sjølve og klimprar eigne tonar på eit instrument, eller skriv små tekstliner i det skjulte. I dette faget vil du få gode råd på vegen og hjelp til å skapa eit ferdig musikalsk produkt anten det er eit instrumentalt stykke eller ein song. Kulturskulen kan tilby studiotid og god coaching gjennom heile prossessen frå idè til ferdig innspelt produkt. Me har godt opptaksutstyr og det siste innan programvare. Ved å vera ein del av kulturskulen, har du og tilgang til andre elevar som kan hjelpa til med koring og speling på ulike instrument. Tilbodet vert organisert som 40 minuttars økter over 18 veker. Dersom det er to som vil ha eit prosjekt i lag, vil øktene bli på 80 min. Digital musikkproduksjon Kulturskulen har fått nytt godt utstyrt studio og me vil derfor tilby elevane våre faget digital musikkproduksjon. Det vil i utgangspunktet vere individuell undervisning. Undervisninga vil bli organisert i 40 min.økter i to bolkar kvart semester. Sjå introduksjonsvideo her. SLIK SØKJER DU Registrer deg og meld deg på kurs her. Har du vore elev i kulturskulen tidlegare, logger du deg inn her. Brukarnamn er fødselsdatoen din, seks siffer (ddmmåå). Har du ikkje passord, ber du om eit nytt. KVA KOSTAR DET? Prisar Prisar p.r. 1.1.2020 Individuell instrumentopplæring 20 min Kr 2225,- Individuell instrumentopplæring i lag, for eksempel korps Kr 2050,- Liten gruppe: Bandskule/media/visuell kunst Kr 1900,- Stor gruppe: Teaterkor/dans/Ungdomskor Kr 1700,- Redusert eigenandel Ein kan søkja om 70% rabatt på eigenandel dersom hustanden samla har ein inntekt under 566 100. Søknaden må vere sendt før eleven startar undervisninga om hausten. Ordninga er avgrensa til 15 plassar pr år. Det vert gitt rabatt for eitt fag pr elev. Klikk her for søknadskjema. NB! Søkjar må leggja ved likningsattest. Det vert innvilga syskemoderasjon når tre eller fleire sysken samstundes er elevar ved kulturskulen.(moderasjon 50% for søsken nr.3 og vidare) SKULERUTE FOR KULTURSKULEN Kulturskuleåret føl grunnskulen si skulerute. Det vil seie at det ikkje er undervisning på elevfrie dagar i grunnskulen. Sjå kulturskuleruta 2022/23 REGLEMENT Reglar for undervisning 1. Osterøy kulturskule si årlege undervisningstid føl grunnskulen si skulerute, men me sluttar ei veke før grunnskulen sin juleferie og sommarferie. Til saman 36 veker pr år. 2.Påmeldinga gjeld for heile skuleåret. Ein må betala fullt for påbegynt semester. Dersom du finn ut at faget ikkje er noko for deg, må du slutta innen 14 dagar etter sesongstart om hausten for å unngå fakturering for haustsemesteret Dersom ein elev ønsker å slutta etter haustsemestert, må kulturskulen få melding om dette før 31.desember for å unngå å betala for vårhalvåret. 3.Eleven/føresette må gje melding til kulturskulerektor ved lengre fråvær, meir enn 2 gonger. Læraren må få munnleg melding på førehand om kortare fråvær. 4.Du får faktura 2 gonger i året. (november/mai) 5. Lengre sjukefråvære (meir enn 2 gonger) vil kulturskulen gje kompensasjon for gjennom ekstra timar eller ved reduksjon av eigenbetalinga. Det vert gjeve frådrag i eigenbetalinga dersom kulturskulen på grunn av uventa hindringar må avlysa meir enn 2 undervisningsgonger pr. semester . -------------------------------------------------------------------------------- Sist oppdatert: 18.01.2023 Publisert: 08.11.2018 KONTAKTINFORMASJON 56 19 21 00 Send e-post Besøk oss Postboks 1, 5293 Lonevåg Meir kontaktinformasjon SNARVEGAR * Om kommunen * Slik er vi organisert * Vedtekter, forskrifter og normar * Prisar, avgifter og gebyr * Faktura og rekningar * For tilsette * English * Søknadsskjema A-Å * Tilgjengelegheitserklæring ANDRE OMRÅDER * Samfunnstryggleik * Folkehelse INNSYN I SAKER * Saksinnsyn * Møteplan * Postliste * Møteportal for politikarar HØYRINGAR OG KUNNGJERINGAR Sjå saker som er ute på høyring og kunngjeringar her. Organisasjonsnummer: 864 338 712 Kommunenummer: 4630 Kontonummer: 3633.54.98164 Personvernerklæring og informasjonskapslar KVA KAN EG HJELPE DEG MED?