nett.no Open in urlscan Pro
185.22.121.114  Public Scan

URL: https://nett.no/nyheter/fann-alt-ho-trengde-i-heimbyen
Submission: On January 07 via api from IE — Scanned from DE

Form analysis 0 forms found in the DOM

Text Content

Logg inn
 * Informasjon
   * Om NETT NO
   * Bli abonnent
   * Annonsere
   * Lesarinnlegg og tips
 * Innhold
   * Nyheter
   * Kort fortalt
   * Nytt om navn
   * Synspunkt
   * Analyser
   * Stilling ledig


SMARTBY-PROSJEKT: Trine Gaaseide Aure er einaste kvinnelege utviklar ved
simulatorsenteret på NMK og jobbar mellom anna med verktøy til smartbyarbeidet i
Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt


FANN «ALT» HO TRENGDE I HEIMBYEN

I Ålesund fann Trine både draumejobben og utdanninga som tok henne dit.

Marius Rosbach
27.12.2021
Facebook icon LinkedIn icon Twitter icon

Åpne i 24 timer

Denne artikkelen er publisert i årets NETT NO-magasin, som har rekruttering som
tema. Klikk for å lese heile magasinet digitalt.

Trine Gaaseide Aure starta nyleg i jobben som datautviklar ved simulatorsenteret
på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.


28-åringen er tilsett i Augment City, dotterselskapet til Offshore Simulator
Centre (OSC), men gjer arbeid for begge selskapa. For tida jobbar ho med å
utvikle brukargrensesnittet til eit produkt for smartby-løysingar.

– Tittelen er «Unity developer», som viser til verktøyet vi brukar. Enkelt sagt
programmerer eg funksjonar som folk kan bruke på ei datamaskin, legg ho til.

Undervegs i utdanninga har Trine vore eitt år i Bergen og i Trøndelag, men
reiste til heimbyen for å fullføre utdanninga med ein master i simulering og
visualisering ved NTNU Ålesund – den einaste i sitt slag i Norge.

Jobbar med å gjere byar smartare
Allereie i 2019 kunne simulatorsjef Joel Mills vise korleis dei kunne nytte
verktøyet til å halvere utrykkingstida for brannbilane i byen, ved å endre
opningstider på SFO og barnehage.

Ålesund kommune har vore aktiv med å trekke til seg slik verksemd. Byen er også
vertskap for FN-nettverket, United Future Lab, populært kalla Framtidslaben.

– Det er i vinden å gjere byane smartare mellom anna ved byplanlegging. Vi har
utvikla eit produkt som er med å forbetre korleis ein samarbeider med desse
verktøya, fortel Trine.

LES OGSÅ

Planlegg emisjon for vekst
Heider for beste kommersielle teneste
(saka held fram under)
VERDSLEIANDE: «Simulatorkula» ruvar godt i NMK-lokala ved Campus Ålesund.
Senteret ligg i tet i verda når det gjeld å tilby simulatortenester til
krevjande maritime operasjonar. Foto: Marius Rosbach
> For utviklaryrket trur eg også det heng igjen nokre utdaterte førestillingar
> om at ein sit på guteromet og programmerer
> Trine Gaaseide Aure

«Utdatert» bilde


28-åringen tok først ein bachelor som dataingeniør i Ålesund, og har vore vand
med å vere den einaste, eller ein av få kvinner. Kombinasjonen ho har med
masteren i Ålesund, er ho truleg den einaste kvinna her til lands som har.

Trine trur det låge talet på kvinner på NTNU-linja kan ha fleire årsaker.
Kanskje utdanninga ikkje er så godt kjend og det er generelt få kvinner som vel
teknologiyrke. I botnen trur ho at ulike interesser hos menn og kvinner spelar
inn.

– For utviklaryrket trur eg også det heng igjen nokre utdaterte førestillingar
om at ein sit på guteromet og programmerer. Slik er det slett ikkje lenger,
fortel ho.

På studiet var dei eit internasjonalt miljø med kring halvparten av studentane
frå andre land. Dei var ni studentar som fullførde, inkludert ei kvinne frå
Myanmar.

LES OGSÅ

- Vi er praktisk talt ingen – difor må vi vere best
Tre av fem til NM-finale for studentbedrifter
Framleis stor skeivfordeling


Sjølv om det kjem stadig fleire kvinner til, er det framleis stor skeivfordeling
i it- og teknologiyrka. Trine har fleire kvinnelege kollegaer mellom dei nær 40
tilsette på simulatorsenteret. Ho er likevel den einaste utviklaren.

– Her trivst eg veldig godt, påpeikar ho – men legg heller ikkje skjul på at det
er ei rolle som ikkje alltid er like enkel. Ho trur mange ikkje heilt veit
korleis dei skal handtere det å plutseleg få ein kvinneleg kollega.

– Nokre er redde for å trakke deg på tærne, medan mange er overhjelpsame, fortel
ho. Ein førelesar kunne snu seg og spørje: «Forstår dokke dette då jenter?». Ho
forstår at det kanskje er godt meint, men vert opplevd som nedlatande.

– Andre igjen bryr seg ikkje, og behandlar deg heilt vanleg. Her har dei vore
flinke til å ta imot meg, og eg kjenner meg som ein av «gutta», fortel ho om
kollegaene.

Klikk her for å les heile NETT NO-magasinet

Treng fleire utviklarar
I 2019 var det kring 50.000 personar med IKT-utdanning i Norge, og behovet er
venta å auke stort. Innan 2030 vil det truleg vere behov for det doble. NAV sine
framskrivingar tyder på at Norge ikkje vil klare å utdanne IT-folk i eit slik
tempo.

Allereie i 2020 var det kring 3.250 ubesette ITK-stillingar her til lands, og
mangelen var anslått å vere klart størst blant programvare- og
appliksjonsutviklarar, som Trine og medstudentane frå NTNU.

Trine merkar at det er stor bevisstheit hos bedrifter kring å rekruttere
kvinner. Sjølv ser ho ikkje vekk frå å flytte på seg seinare i livet, og at det
kan «vere gøy å oppleve og bu andre plassar».

LES OGSÅ

Arbeidsmarknaden betra i rekordfart
Mangel på folk bremsar veksten
– Må tore prøve for å finne ut kva du likar

Publisert: 27.12.2021 05:55

Sist oppdatert: 31.12.2021 13:14

MER OM

 * Ålesund
 * it
 * NETT NO-magasinet 2021
 * Offshore Simulator Centre
 * rekruttering
 * teknologi
 * utdanning

Annonsørinnhold



NETT NO

 * Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
 * Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
 * Dagleg leiar: Eirik Staurset

UTGIVAR

 * Bakkar & Berg Media AS
 * Postboks 142
 * 6099 Fosnavåg

KONTAKT

 * Redaktør: Kjetil Haanes - 902 01 234
 * Redaktør: Ogne Øyehaug - 957 79 727
 * Journalist: Marius Rosbach - 907 36 774
 * Redaksjon: redaksjon@nett.no / 95 77 97 27
 * Annonse: annonse@nett.no / 95 24 72 09
 * Abonnement: abonnement@nett.no / 95 24 72 09

VER VARSAM-PLAKATEN

> "NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og
> Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og
> reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har
> ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til."

tips@nett.no