fatland.myportfolio.com
Open in
urlscan Pro
151.101.0.119
Public Scan
Submitted URL: https://www.banketten.cafe/
Effective URL: https://fatland.myportfolio.com/
Submission: On September 13 via automatic, source certstream-suspicious — Scanned from DE
Effective URL: https://fatland.myportfolio.com/
Submission: On September 13 via automatic, source certstream-suspicious — Scanned from DE
Form analysis
0 forms found in the DOMText Content
Bygda Velforeininga Aktivitetshuset Bustadfeltet Grendalaget Fatlandskogen Aktivitetar Galleri Bygda Velforeininga Aktivitetshuset Bustadfeltet Grendalaget Fatlandskogen Aktivitetar Galleri FATLAND VELKOMMEN TIL EVENTYRBYGDA! Fatland er namnet på eit stort konsern som lagar kjøttmat. Men det er òg namnet på ei pittelita sjarmerande bygd, sør på Halsnøy, i Kvinnherad kommune. Desse to har ingen ting med kvarandre å gjera, bortsett frå at førstnemnde leverer framifrå grillmat til dei eventyrlege hagane på Fatland. Denne rolege og svært sentrale utkantbygda, som ligg berre 10 min frå lokalsenteret Sæbøvik, og 15 min frå regionssenteret Husnes. Men likevel langt frå alt maset du gjerne finn i slike sentra. Litt av Fatland, sett frå Gullhaug. Sydnessundet skil oss frå Fjelbergøyane. Til høgre ser du Fjelbergøy, og i midten ligg Borgundøy, med den majestetiske Borgundnuten på 466 meter. At det er verdas beste plass å bu er sikkert noko alle seier om si bygd. Men at det i denne vesle bygda, med mindre enn 100 fastbuande, finst så mange tilflyttarar frå mange kantar, tyder på at det er lett å finna seg til rette her. Dessutan er det svært mange hytter spreidde rundt i heile bygda, også desse med folk frå ein større region. Om sommaren er det gjerne eit yrande liv, med fastbuande og hyttefolk i skjønn foreining. Tomter for både hus og hytter ligg klare og ventar på deg. Er du i byggebransjen, kan du til og med få kjøpa eit komplett byggeklart bustadfelt. Noko å tenkja på, no når etterspurnaden etter bustader kjem til å stiga. Rett nok er det avgjort at batterifabrikken ikkje kjem til Husnes, men prosessen rundt dette har gjort at interessa frå andre for å etablera seg i området har auka monaleg. Er Fatland eigentleg namnet på heile bygda? Vel, det kan diskuterast. For dette er kanskje einaste bygda i landet som ikkje har eit offisielt namn. Dette, og mykje anna kjekt, kan du lesa meir om ved å klikka deg gjennom menyen øvst i bildet. Velkommen til Fatland, anten du kjem på besøk, eller for å slå deg til her for godt! Me skal ta imot deg på ein gjestfri måte! SJÅ FATLAND FRÅ LUFTA I 2018 vart det laga ein dronevideo om Fatlandsprosjektet, meir spesielt om Gullparken, som no er lagt på is, på grunn av særs spektakulær byråkratisk akrobatikk. Men filmen lever i beste velgåande, og den gir eit godt inntrykk av kor fint det er på Fatland. Har du problem med at filmen lastar seint, kan du først lasta han ned, ved å klikka på dei tre prikkane nede til høgre i videovinduet. Så opnar du den nedlasta fila i staden. Sjå dronevideo av Fatland LENKER TIL ANNA STOFF OM FATLAND Kvinnheringen sine artiklar om Fatland Visit Sunnhordland om tursti til Sydnessåta Stortinget sin biografi om Gunnar Fatland Wikipedia om Gunnar Fatland ↑Back to Top Denne sida blir vedlikehalden av Arne Gjerde. Ta kontakt på ARNE.GJERDE@N-LT.NO dersom du har innspel.